Sunday, July 27, 2008

Solgt seg ut av gullkampen?

Brann solgte denne veka Torstein Helstad til Le Mans. Helstad takka nei til det første kontraktsforslaget frå Brann lydande på ei årslønn på rundt 3.5 millioner. Kravet skal ha vore på 5 millionar i året, og ei totalramme på 17. Dette var meir enn det Brann ville gje. Grunnane til desse lønningane er nok resigneringa av Erik Huseklepp som spelte ut den forrige kontrakta si. Etter gode kampar og eit bergensk folkekrav fekk han ei ny tre års kontrakt med ei årslønn på rundt 3 millionar. Der er mykje for ein som ikkje er i første 11-aren. Spørs om ikkje Brann vil få fleire problem med fornyingar.



Samtidig som Brann annonserte salg av Helstad, vart det kjent at budet på Lyn sin Odion Jude Ighalo vart akseptert, og han kjem til Bergen på mandag for å sjå på forholda, og for å forhandle om sin personlige kontrakt. Mange peika ut Ighalo som erstattar, men det viser seg at dette var eit kjøp uavhengig av Helstad-salg. Topp-scorar bak Helstad i Brann er Demba Nyrèn med to mål. Med Helstad skada har ting fungert dårleg hos Brann. Det gjeld eigentleg alle ledd, men mangelen på målscorarar bak Helstad har vore tydelege. Samtidig har samarbeid mellom ledda, og ein tydeleg spelestil vore manglande. Med Winters på veg vekk, og ein Ludvigsen ute av kamptrening har mange peika på at Brann bør investere i ein etablert spiss i tillegg til Ighalo. Men markedet er vanskeleg, og prisane på etablerte spelarar skremmar vekk dei fleste kjøparar.



Etter dei siste kampane er det tydeleg at Brann ikkje framstår som ein medaljekandidat. Med påfølgande Champions League kvalifisering ser det ut til at Brann manglar forutsetningane for å lykkast. Her er det mykje pengar å hente for dei som kjem gjennom nålauget. Spørsmålet er om Brann klarar å snu den negative trenden, og framstå som det sterke laget ein har på papiret?

No comments: