Tuesday, July 8, 2008


Det har i den siste tida vore ein hektisk periode på Stortinget. Den kjønnsnøytrale ekteskapsloven har vorte banka gjennom på rekordtid. Utan utredningar eller nokon form for førehandsundersøkingar. Motstandarane av loven prøvte gjentatte gonger å få utsett loven til vidare undersøkingar, men dette vart gong på gong avvist.


Seinare har det vore utskiftingar i regjeringa. Stolleken i regjeringa som Dagens Næringsliv kalla det:

- Lars Peder Brekk vart minister for Landbruks- og matdepartementet.
- Dag Terje Andersen gjekk frå Nærings- og handelsdepartementet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
- Bjarne Håkon Hanssen gjekk frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Helse- og omsorgsdepartementet.
- Sylvia Brustad gjekk frå Helse- og omsorgsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet.
- Terje Riis-Johansen gjekk frå Landbruks- og matdepartementet til Olje- og energidepartementet.

Som ei opptakt fram mot valget neste år har arbeiderpartiet sin partisekretær Martin Kolberg utpeikt dei rike som mål. Vi skal flå dei rike, uttalte han til nrk 23.06. I Soria Moria erklæringa heiter det "Det er et mål for Regjeringen at de økonomiske forskjellene skal reduseres og fattigdom avskaffes." Tal i frå statistisk sentralbyrå viser det motsette. 10 000 fleire fattige under den raud grøne regjeringa. Ein må ta tak i fattigdommen der den er, og hos dei det gjeld. Det hjelper ikkje dei fattige om ein minkar forskjellane ved å gjere inngrep mot høginntektsgruppene dersom lavinntektsgruppene ikkje har nok til å forsørge seg og sine. Med dei aukande leigeprisane vi har vil fattigdommen råke hardare i by-områda.

No comments: