Tuesday, February 3, 2009

I etterpåklokskapens lys

Etter ein sesong som middelfarar(rett nok under midten) er Brann no i gang med oppkjøring til neste sesong. Det som i fjor såg ut til å bli ein overgang for Igahlo vart ei farse utan sidestykke. Når det vart kjent at Brann hadde fått aksept på bud, kom Udinese på bana. Brann hadde hatt samtalar med Igahlo, men hadde ikkje fått ei underskrift. "Vi tok hverandre i hånden, og har en vanntett avtale." som Roald Bruun-Hansen sa. Igahlo ville bruke helga til å diskutere med familien. Enden på visa vart at muntlig avtale finst ikkje bindande, Igahlo forsvant til Udinese, og Brann satt igjen med svarteper. Denne overgangssaken står i ettertid igjen som eit kroneksempel på korleis ein overgang ikkje skal foregå. Bruun-Hansen har også i ettertid nekta å kommentere alt som har med foreståande overgangar før kontrakter har vorte signert.

Etter sesongen i fjor valgte Mons Ivar Mjelde å trekka seg som trenar. Brann brukte lang tid på å sondera marknaden. Dei hadde fleire intervju rundar og faktisk omvisningar på stadion for nokre av dei aktuelle kandidatane. Til slutt fekk Steinar Nilsen tilbod om kontrakt, som han takka ja til. Steinar verkar som ein med klare målsetningar, og på kva som må til av spelarane. Dei som har vore innom treningane har merka seg større intensitet på øktane. Ein er så smått starta med treningskampar, og står med ett tap og ein siger så langt. Så får ein håpe at årets sesong vert bedre enn fjoråret, og at Brann igjen kan vere med i toppen. Er det eit nord-norsk temperament som skal til?

No comments: