Tuesday, February 3, 2009

I etterpåklokskapens lys

Etter ein sesong som middelfarar(rett nok under midten) er Brann no i gang med oppkjøring til neste sesong. Det som i fjor såg ut til å bli ein overgang for Igahlo vart ei farse utan sidestykke. Når det vart kjent at Brann hadde fått aksept på bud, kom Udinese på bana. Brann hadde hatt samtalar med Igahlo, men hadde ikkje fått ei underskrift. "Vi tok hverandre i hånden, og har en vanntett avtale." som Roald Bruun-Hansen sa. Igahlo ville bruke helga til å diskutere med familien. Enden på visa vart at muntlig avtale finst ikkje bindande, Igahlo forsvant til Udinese, og Brann satt igjen med svarteper. Denne overgangssaken står i ettertid igjen som eit kroneksempel på korleis ein overgang ikkje skal foregå. Bruun-Hansen har også i ettertid nekta å kommentere alt som har med foreståande overgangar før kontrakter har vorte signert.

Etter sesongen i fjor valgte Mons Ivar Mjelde å trekka seg som trenar. Brann brukte lang tid på å sondera marknaden. Dei hadde fleire intervju rundar og faktisk omvisningar på stadion for nokre av dei aktuelle kandidatane. Til slutt fekk Steinar Nilsen tilbod om kontrakt, som han takka ja til. Steinar verkar som ein med klare målsetningar, og på kva som må til av spelarane. Dei som har vore innom treningane har merka seg større intensitet på øktane. Ein er så smått starta med treningskampar, og står med ett tap og ein siger så langt. Så får ein håpe at årets sesong vert bedre enn fjoråret, og at Brann igjen kan vere med i toppen. Er det eit nord-norsk temperament som skal til?

Sunday, July 27, 2008

Solgt seg ut av gullkampen?

Brann solgte denne veka Torstein Helstad til Le Mans. Helstad takka nei til det første kontraktsforslaget frå Brann lydande på ei årslønn på rundt 3.5 millioner. Kravet skal ha vore på 5 millionar i året, og ei totalramme på 17. Dette var meir enn det Brann ville gje. Grunnane til desse lønningane er nok resigneringa av Erik Huseklepp som spelte ut den forrige kontrakta si. Etter gode kampar og eit bergensk folkekrav fekk han ei ny tre års kontrakt med ei årslønn på rundt 3 millionar. Der er mykje for ein som ikkje er i første 11-aren. Spørs om ikkje Brann vil få fleire problem med fornyingar.



Samtidig som Brann annonserte salg av Helstad, vart det kjent at budet på Lyn sin Odion Jude Ighalo vart akseptert, og han kjem til Bergen på mandag for å sjå på forholda, og for å forhandle om sin personlige kontrakt. Mange peika ut Ighalo som erstattar, men det viser seg at dette var eit kjøp uavhengig av Helstad-salg. Topp-scorar bak Helstad i Brann er Demba Nyrèn med to mål. Med Helstad skada har ting fungert dårleg hos Brann. Det gjeld eigentleg alle ledd, men mangelen på målscorarar bak Helstad har vore tydelege. Samtidig har samarbeid mellom ledda, og ein tydeleg spelestil vore manglande. Med Winters på veg vekk, og ein Ludvigsen ute av kamptrening har mange peika på at Brann bør investere i ein etablert spiss i tillegg til Ighalo. Men markedet er vanskeleg, og prisane på etablerte spelarar skremmar vekk dei fleste kjøparar.



Etter dei siste kampane er det tydeleg at Brann ikkje framstår som ein medaljekandidat. Med påfølgande Champions League kvalifisering ser det ut til at Brann manglar forutsetningane for å lykkast. Her er det mykje pengar å hente for dei som kjem gjennom nålauget. Spørsmålet er om Brann klarar å snu den negative trenden, og framstå som det sterke laget ein har på papiret?

Tuesday, July 8, 2008


Det har i den siste tida vore ein hektisk periode på Stortinget. Den kjønnsnøytrale ekteskapsloven har vorte banka gjennom på rekordtid. Utan utredningar eller nokon form for førehandsundersøkingar. Motstandarane av loven prøvte gjentatte gonger å få utsett loven til vidare undersøkingar, men dette vart gong på gong avvist.


Seinare har det vore utskiftingar i regjeringa. Stolleken i regjeringa som Dagens Næringsliv kalla det:

- Lars Peder Brekk vart minister for Landbruks- og matdepartementet.
- Dag Terje Andersen gjekk frå Nærings- og handelsdepartementet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
- Bjarne Håkon Hanssen gjekk frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Helse- og omsorgsdepartementet.
- Sylvia Brustad gjekk frå Helse- og omsorgsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet.
- Terje Riis-Johansen gjekk frå Landbruks- og matdepartementet til Olje- og energidepartementet.

Som ei opptakt fram mot valget neste år har arbeiderpartiet sin partisekretær Martin Kolberg utpeikt dei rike som mål. Vi skal flå dei rike, uttalte han til nrk 23.06. I Soria Moria erklæringa heiter det "Det er et mål for Regjeringen at de økonomiske forskjellene skal reduseres og fattigdom avskaffes." Tal i frå statistisk sentralbyrå viser det motsette. 10 000 fleire fattige under den raud grøne regjeringa. Ein må ta tak i fattigdommen der den er, og hos dei det gjeld. Det hjelper ikkje dei fattige om ein minkar forskjellane ved å gjere inngrep mot høginntektsgruppene dersom lavinntektsgruppene ikkje har nok til å forsørge seg og sine. Med dei aukande leigeprisane vi har vil fattigdommen råke hardare i by-områda.

Saturday, April 26, 2008

Snart eksamen


Eksamen nærmar seg med stormskritt. Og som vanleg begynne forberedelsane litt seinare enn dei burde. Men vonar at det går bra. c",)

Tuesday, January 29, 2008

På kunnskapsbenken igjen


Då er eg omsider begynt på realfaga som privatist. Undervisning hjå AOF med påfølgande eksamen i matematikk dette halvåret. Spent på korleis det skal gå etter ein del år utan matematikk. Forrige halvår tok eg organisasjonspsykologi ved NHH, som verkeleg var eit spanande emne. Planen er å ta MX og fysikk dei neste halvåra. Satsa på eg kjem meg gjennom. Fekk veta etter at eg var meldt meg opp til eksamen, at dette halvåret var siste sjanse til å ta 1MX etter den gamle reforma. Snakk om tilfeldigheta.

Saturday, September 22, 2007

Tilbake

Det har vore ein hektisk periode med valkamp og derfor lite aktivitet på bloggen. Eg vart valt inn som andre mann for KrF i kommunestyret i Fjell, der KrF sit i fleirtallskonstellasjon og denne perioden. Denne gongen saman med Høgre og Frp. KrF fekk inn fem representantar som er det samme som sist. Tre av desse er KrFU-arar, så vi har fått ei ung og sprek gruppe i kommunestyret denne gongen.

Monday, April 30, 2007

Inger Lise Hansen ny nestleiar i KrF


På KrF sitt landsmøte i Molde i helga vart Inger Lise Hansen valgt som ny 2. nestleiar etter Knut Arild Hareide. Inger Lise er for tida leiar i KrFU. Dei to store kampsakane er miljø og fattigdomsbekjempelse.