Saturday, April 14, 2007

Vårkonferanse


Den 22. - 25. mars var det vårkonferanse for KrFU på Hedemarktoppen FHS. Den 8 personar store delegasjonen frå Hordaland fordelte seg i to bilar og kjørte bortover. Etter at den første bilen kjørte feil ei god stund, mangla den andre bilen kjørelys etterkvart som mørket melde seg. Heldigvis ordna det seg slik at vi kom vel fram. På konferansen vart det sett fokus på helse, representert ved rådet for psykisk helse, og miljø representert ved natur og ungdom. Ellers var det seminarar i tale og debatteknikk, og media trening. Ein hadde og innlegg og debattar angåande valkamp og saker å ta med inn i kommunestyrer og lokallag. På det sosiale plan skjedde det også mykje. Kåring av KrFU idol, der ein fant ut at ikkje alle KrFUarar har talentet som skal til, underholdningskveld, festmiddag for å nemne noko. Aktive som vi er i KrFU vart det sjølvsagt også spela både fotball og volleyball.

Monday, March 12, 2007

Kyrkje og stat


No er Karita Bekkemellem og Trond Giske nok ein gong misfornøgd med meiningar og handlingar innad i kyrkja. Dette etter at biskop Ole Christian Kvarme fant ein vikar prest uskikka grunna homofilt partnerskap. Er det ikkje snart på tide at kyrkja sjølv bestemmer over ansettelsar og teologi? Ut i frå eit Bibelsk standpunkt er homofilt samvær galt. Korleis kan ein då forsvare homofile leiarar og prestar? Dersom ein godtar dette, har ein satt Bibelen til sides. Kva andre ting i Bibelen skal vi forandre? Kyrkja er ikkje meint å skulle gjenspeile samfunnet, sjølv om Trond Giske hardnakka hevdar det motsatte. Spesielt Giske og Bekkemellem har vore sterke kritikarar mot kyrkja.

Wednesday, February 21, 2007

Nominasjonsmøte


Det var nominasjonsmøte i Fjell KrF på tirsdag. Her var det heile 76 frammøtte. Det var rekna fem sikre plassar lik dagens representantar i kommunestyret. Det vart krfu-arar på to av tre kummulerte plassar, og ellers krfu-arar på femte og sjuande. Vi får ei ung liste, så dette blir spennande å sjå til hausten.

Sunday, February 18, 2007

Fylkesårsmøte


Då var to dagars fylkesårsmøte i Hordaland KrF over. Det var mykje interessante debattar, og ein del spennande resolusjonar. Israelssaken vart debattert, og her var det sterke meiningar ute og gjekk. I år vart det satt mykje fokus på miljø, og denne debatten gjekk både fredag og lørdag. Høghastighetstog og fornybare energikjelder var blant dei sakene som vart sett på dagsorden. Blant resolusjonane var det dagsaktuelle saker som foreldreretten, fedje-ubåtvraket, og problemar med fyll og gatevold i byar og tettstader.

Saturday, February 17, 2007

SV fortsatt i regjering


Kor lenge kan eit parti bryte løfte etter løfte og fortsatt sitte i regjering? Som eg las i ein blogg her om dagen, "Det ser ut til at SV og Djupedal ikke fort nok kan distansere seg fra sine løfter og garantier". SV som skulle vere garantist for at det ikkje skulle byggast gasskraftverk utan rensing, gjekk sjølv med på at dette skulle gjennomførast. Teknologien for rensing er klar, og Noreg si ratifisering av Kyoto-avtala betyr at Noreg forplikter seg til kun ei auke på klimagasser på ein prosent i forhold til 1990 innan 2008-2012. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at CO2-utslippa har auka med heile 21 prosent frå 1990 til 2001. At ein då vedtek å bygga gasskraftverk før eit renseanlegg er på plass vitnar om liten vilje til å halde seg til inngåtte avtaler.

Når medlemmar i eige parti demonstrerer og råder statsrådar i eige parti til å gå av, spørs det kor lenge ei slik regjering kan bli sittande. Dette gjeld ikkje bere ei tapt sak, men fleire saker frå regjeringa si side som er reine brot i forhold til SV sine løfter. Spørsmålet er kor lenge SV kan sitte i regjering med fortsatt støtte frå sine medlemmer. Kvoten synast forlengst å vere brukt opp.

Sunday, February 4, 2007

Skoleringshelg




I helga var det skoleringshelg på Skotnes i regi av Hordaland KrFU. Vi var rundt 20 stk samla for å ha det sosialt, diskutera politikk og utveksle erfaringar. Leiar i KrFU Inger Lise Hansen, og 1. Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad var med oss heile helga. Leirstaden som er eigd av KFUK/KFUM ligg utanfor allfarveg, så vi hadde 40 min å gå frå parkeringsplassen. Vekselvis opphold, og vekselvis regn. Så det var ein våt gjeng som snubla seg framover i mørket. Ikkje alle hadde huska å følga oppfordringane på pakklista om å pakke lett, huske regntøy og lommelykt. Strømsparing var tydeligvis godt utbredt på Skotnes, så det var ganske kjølig før vi fekk temperatur på ovnane. Paintball på lørdagen var ein veldig populær aktivitet. Konkurranseinstinktet sto sterkt, så her gjekk det hardt for seg.. :)

Saturday, January 20, 2007