Saturday, February 17, 2007

SV fortsatt i regjering


Kor lenge kan eit parti bryte løfte etter løfte og fortsatt sitte i regjering? Som eg las i ein blogg her om dagen, "Det ser ut til at SV og Djupedal ikke fort nok kan distansere seg fra sine løfter og garantier". SV som skulle vere garantist for at det ikkje skulle byggast gasskraftverk utan rensing, gjekk sjølv med på at dette skulle gjennomførast. Teknologien for rensing er klar, og Noreg si ratifisering av Kyoto-avtala betyr at Noreg forplikter seg til kun ei auke på klimagasser på ein prosent i forhold til 1990 innan 2008-2012. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at CO2-utslippa har auka med heile 21 prosent frå 1990 til 2001. At ein då vedtek å bygga gasskraftverk før eit renseanlegg er på plass vitnar om liten vilje til å halde seg til inngåtte avtaler.

Når medlemmar i eige parti demonstrerer og råder statsrådar i eige parti til å gå av, spørs det kor lenge ei slik regjering kan bli sittande. Dette gjeld ikkje bere ei tapt sak, men fleire saker frå regjeringa si side som er reine brot i forhold til SV sine løfter. Spørsmålet er kor lenge SV kan sitte i regjering med fortsatt støtte frå sine medlemmer. Kvoten synast forlengst å vere brukt opp.

No comments: